– DET HANDLAR OM å styra sin eigen arbeidsdag, seier Eirik Østerhaug og ser bort på kollegaene gjennom mange år, Kjell-Torodd Bremskau og Geir Ingolf Strand.

– Sjølv om det er mykje å setja seg inn i , og trass for at me har jobba svært mykje det siste året, har det vore godt å starta for seg sjølv.

Trioen sit i kontorlokalet sitt i Verket på Stord.

– Me bestemte oss tidleg for å jobba svært spissa med faga me har mest tyngde i. Me kompletterer kvarandre og etter å ha jobba saman i ti år, fungerer me svært godt som eit team. Det har vore avgjerande i oppstarten, meiner Bremskau.

DET BLÅ GRÜNDEREVENTYRET starta 1. september i fjor, noko etter skjema på grunn av koronarsituasjonen.

– I retrospekt var det nok positivt. Me fekk betre tid til å planleggja og kartleggja, slik at me kunne vera operative som bedrift frå dag éin. Det har nok vore ein medverkande årsak til at ting har lukkast, trur Bremskau. Han er eigentleg austlending, men har røter på Fitjar. Bestefar hans var i si tid med på å starta Fitjar Laks.

Kundesegmenta famnar om RAS-leverandørar, investorar, entreprenørar og oppdrettsselskap.

Dei siste åtte månadane har Alde Akva vore engasjerte i alt frå 3D-modellering, forprosjekt, byggherreleveransar, produksjonplanar og meir. Dei har også rukke å få ei sterk pallplassering i VIS og Sparebanken Vest sin gründerkonkurranse “Vestlandets beste idé 2020”.

Les mer hos Shorthandstories

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *